Sluttdato på arbeidsforhold

  • Oppdatert: 23.04.2021

Sluttdato bestemmer når rettar og plikter opphøyrer, både for deg som arbeidsgivar og for arbeidstakaren.

Kort om sluttdato

Sluttdato er datoen arbeidsforholdet og arbeidsplikta opphøyrer.

Oppgi sluttdatoen som går fram av arbeidsavtale eller annan overeinskomst. Er det eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold må du óg oppgi årsak til sluttdato.

 

Døme

Kari er tilsett i ein butikk. Kari seier opp jobben og i august avtalar dei at ho skal slutte 31. desember. Sluttdato er 31. desember. Butikken kan føre opp sluttdato og årsak til sluttdato i a-meldingane for august, september, oktober og november. Dei må føre opp sluttdato og årsak til sluttdato i a-meldinga for desember.

William er frilansar og utfører eit oppdrag for eit designbyrå. Han avsluttar oppdraget 20. mai og får utbetalt det siste honoraret til Ola i juni.  Sluttdato på oppdraget er 20. mai. Designbyrået må føre opp sluttdato i a-meldinga for juni.

 

Er det obligatorisk

Ja, du må føre opp sluttdato for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.

For frilansar, oppdragstakar og personar som tak imot honorar, skal du føre opp sluttdato i a-meldinga den månaden du betaler honorar siste gong for det aktuelle oppdraget.

Du skal ikkje føre opp sluttdato dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

 

Når skal du rapportere sluttdato

  • Kor ofte?
    Oppgi sluttdato i den aktuelle månaden for sluttdato. Du kan oppgi sluttdato når datoen er kjend. Då må du ta opp att datoen alle månader til den aktuell månaden for sluttdatoen.

  • Kor tidleg?
    Du kan oppgi sluttdatoen før den er der.

  • Kor seint?
    Oppgi sluttdatoen seinast innan rapporteringsfristen for den aktuelle månaden.

 

For sesongarbeidarar, vikarar, tilkallingshjelper m.m.

Oppgi sluttdato når sesongen eller vikariatet er over og det ikkje lenger finst ein løpande arbeidsavtale med plikt/rett til å arbeide. Gjer dette sjølv om dei skal jobbe for deg att seinare. Dersom det ikkje er avtalt arbeid dei neste 30 dagane, skal du setje sluttdato.

Unnatak:
Er perioden mellom arbeidsperiodane så kort at arbeidstakaren har hatt arbeid i kvar av dei siste månadene treng du ikkje oppgi sluttdato.

Når du har sett sluttdato, har du ikkje lenger plikt til å sende a-melding dersom du ikkje har andre tilsette eller utbetalingar. Opprett eit nytt arbeidsforhold med ein ny startdato og ny arbeidsforholdsID for arbeidstakaren ved neste arbeidsperiode. Kvart arbeidsforhold skal skiljast frå kvarandre med ein unik arbeidsforholdsID.

 

Ved sluttpakke, eller oppseiing med sluttvederlag

Oppgi sluttdato når arbeidsplikta opphøyrer, sjølv om du rapporterer lønn etter at arbeidsforholdet er opphøyrt.
Sjå inntekter til tilsette som har slutta.
Sjå sluttvederlag.

 

Arbeidstakaren sluttar å jobbe før oppseiingstida er over

Når ein arbeidstakar seier opp jobben sin eller blir sagt opp og ikkje er fysisk på jobb i oppseiingstida, fører du opp den siste datoen i oppseiingstida som sluttdato. Du skal ikkje oppgi dette som permisjon.

 

Ved fri for å arbeide hjå ein annan arbeidsgivar

Dersom du gir arbeidstakaren fri frå ein eksisterande jobb for å arbeide hjå ein annan arbeidsgivar, skal du oppgi sluttdato på arbeidsforholdet. Det skal du gjere fordi arbeidsgivaransvaret er flytta til ein annan arbeidsgivar. Du skal ikkje oppgi dette som permisjon.

 

Arbeidstakaren sluttar å jobbe og blir pensjonist

Når ein arbeidstakar sluttar for å bli pensjonist skal sluttdato vere datoen arbeidsplikta tek slutt. Mange pensjonistar sluttar tidlegare for å ta ut ferie eller avspasering og du skal då setje sluttdatoen til etter perioden med ferie/avspasering er avslutta. Du skal ikkje føre opp ferie/avspasering som permisjon.

Viss pensjonisten tek imot pensjon eller anna yting/godtgjersle etter at arbeidsforholdet er avslutta, fører du opp dette i a-meldinga og type arbeidsforhold som pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold. Då skal det ikkje opprettast eit nytt ordinært eller maritimt arbeidsforhold. Du skal ikkje lage eit nytt ordinært eller maritimet arbeidsforhold.

 

Endre sluttdato  

Har ein av arbeidstakarane dine endra sluttdato sidan du sist sende a-melding, kan du oppgi ein ny sluttdato i neste a-melding.

 

Døme

Lisa jobbar i eit byggjefirma. Ho skal slutte i jobben den 10. august. I a-meldinga for august fører byggjefirmaet opp sluttdato 10. august.

Etter at a-meldinga for august er send, avtaler byggjefirmaet at Lisa skal jobbe til 30. august. For å endre fører dei opp rett sluttdato, 30. august, i a-meldinga for september. Dei nyttar same arbeidsforholdsID som tidlegare.

 

Skal den tilsette ikkje slutte likevel

Dersom du har oppgitt sluttdato og årsak til sluttdato på ein av arbeidstakarane dine, og personen likevel ikkje sluttar, slett sluttdatoen og årsaken til sluttdatoen i a-meldinga for den same månaden du oppgav sluttdatoen.

 

Døme

Noah jobbar i ein bank og skal slutte i jobben 20. august. Banken fører opp sluttdato og årsak til sluttdato for Noah i a-meldinga for august.

Etter at a-meldinga for august er send, avtaler dei at Noah ikkje skal slutte likevel. Banken må då sende ny a-melding for august utan sluttdato og årsak til sluttdato.

Dersom 20. august er oppgitt som sluttdato fleire månader fram i tid, må banken oppgi arbeidsforholdet utan sluttdato og årsak til sluttdato den siste månaden informasjonen var oppgitt.

I Aa-registeret er det tilsetjingsperioden frå den siste månaden arbeidsforholdet er oppgitt som er gjeldande.

 

Rette feil

Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil sluttdato på ein av arbeidstakarane dine og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A 03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

 

Døme

Lucas sluttar i jobben i ein blomsterbutikk den 10. august. I a-meldinga for august fører dei opp sluttdato 1. august. Etter at a-meldinga for august er send, oppdagar blomsterbutikken at dei har oppgitt feil sluttdato. For å rette fører dei opp rett sluttdato, 10. august, i a-meldinga for september, med same arbeidsforholdsID som tidlegare.

Emma sluttar i jobben på eit legekontor den 2. august. Etter at a-meldinga for august er send, oppdagar legekontoret at dei har gløymt å oppgi sluttdato for Emma. For å rette opp fører dei opp rett sluttdato, 2. august, og årsak til sluttdato i a-meldinga for september. Dei oppgir same arbeidsforholdsID som tidlegare.

 

Viktig informasjon

Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

 

Følgjer dersom du ikkje set sluttdato

Sluttdato bestemmer når rettar og plikter opphøyrer, både for deg som arbeidsgivar og for arbeidstakar.

Feil i slutt- og startdato får følgjer for den tilsette. Det kan til dømes forseinke utbetalingar frå NAV eller føre til feil i handsaminga av stønadssaker. Den tilsette kan òg oppleve å få for mykje eller for lite utbetalt frå NAV.

 

Kva nyttar vi opplysningane til

Sluttdato blir nytta av NAV og er viktig for Statistisk sentralbyrå (SSB) sine statistikkar.

Opplysningar om sluttdato blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.