ArbeidsforholdsID

  • Oppdatert: 24.02.2023

Bruk ein unik arbeidsforholdsID for kvart arbeidsforhold. Dersom du brukar den same ID-en fleire gongar, veit vi ikkje om du oppgir eit nytt arbeidsforhold eller endrar på eit gammalt.

Kort om ArbeidsforholdsID

ArbeidsforholdsID er en identifikator for arbeidsforholdet og opplysningar som overførast til NAV. Du må bruke en unik arbeidsforholdsID for kvart arbeidsforhold. Dersom ein arbeidstakar eller frilansar har fleire arbeidsforhold i same verksemd skil arbeidsforholdID-en arbeidsforholda frå kvarandre.

Brukar du eit lønns- eller personalsystem, blir det vanlegvis generert ein arbeidsforholdsID når du opprettar eit nytt arbeidsforhold.


Før opp arbeidsforholdsID når:

  • Du tilset ein ny arbeidstakar eller inngår ei ny avtale med ein frilansar
    Du skal oppgi ein unik arbeidsforholdsID når ein arbeidstakar eller frilansar startar. Arbeidsforholdet skal rapporterast for den undereininga der arbeidstakaren eller frilansaren skal jobbe.

  • Ein arbeidstakar eller frilansar har slutta i undereininga og byrjar att
    Dersom ein arbeidstakar eller frilansar sluttar i eit arbeidsforhold og seinare startar opp i eit nytt arbeidsforhold i den same undereininga, må du oppgi ein ny arbeidsforholdsID for å skilje arbeidsforholda frå kvarandre. Det same gjeld for sesongarbeidarar. Tilset du ein sesongarbeidar som har jobba hos deg tidlegare, skal du oppgi ein ny arbeidsforholdsID, og ikkje den du oppga for arbeidsforholdet førre sesong.

  • Fleire arbeidsforhold i ulike undereiningar i same foretak
    Har arbeidstakaren eller frilansaren fleire arbeidsforhold i ulike undereiningar i same føretak, skal arbeidsforholda førast opp for kvar undereining med kvar sin arbeidsforholdsID.

  • Fleire arbeidsforhold i same undereining samtidig
    Når ein arbeidstakar eller frilansaren har fleire arbeidsforhold i same undereining samtidig, fører du opp desse med ulike arbeidsforholdsID-ar, slik at det er mogeleg å skilje mellom arbeidsforholda. Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må vurdere om personen har eitt eller fleire arbeidsforhold i same undereining. Ein person har typisk fleire arbeidsforhold når
    • arbeidsforholda er så ulike at dei har forskjellig yrkeskode
    • arbeidsforholda blir lønna ulikt
    • eit arbeidsforhold er fast og eit anna er mellombels


Dette blir ikkje rekna som fleire arbeidsforhold:

  • Dersom ein arbeidstakar eller frilansar har fleire stillingar eller oppdrag i same undereining med likt innhald (til dømes éin yrkeskode) og lik lønn.
  • Dersom ein arbeidstakar eller frilansar har ulike oppgåver eller arbeider på ulike prosjekt, skal dette i dei aller fleste tilfelle givast opp som eitt arbeidsforhold. Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren har ofte behov for å knyte kostnader til ulike aktivitetar eller prosjekt, men ein skal ikkje føre opp dette som fleire arbeidsforhold i a-meldinga.

 

Viktig informasjon

Dersom du brukar den same arbeidsforholdsID-en fleire gongar, veit vi ikkje om du oppgir eit nytt arbeidsforhold eller endrar på det gamle. Bruk derfor ein unik arbeidsforholdsID for kvart arbeidsforhold.

Oppgi rett arbeidsforholdsID også når du rettar opplysningar om arbeidsforhold tilbake i tid, slik at det kjem fram kva for arbeidsforhold du rettar.

 

Døme - arbeidstakaren har slutta og byrjar att. Er tidlegare rapportert med arbeidsforholdsID

Jacob var tilsett hjå frisørsalongen Nyklipt fram til 29. juni. Han blir tilsett på nytt hjå Nyklipt frå 4. desember. Det opphavlege arbeidsforholdet var oppgitt med arbeidsforholdsID 10. Jacob må òg registrerast med arbeidsforholdsID på det nye arbeidsforholdet.

Opphavleg arbeidsforhold
A-melding for juni

Inntektsmottakar Jacob
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. juni
Sluttdato på arbeidsforholdet 29. juni

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

Nytt arbeidsforhold
A-melding for desember 
Inntektsmottaker Jacob
ArbeidsforholdsID 20
Startdato på arbeidsforholdet 4. desember
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

Døme - Arbeidstakaren har slutta og byrjar att. Er tidlegare rapportert utan arbeidsforholdsID

Michelle var tilsett hjå ei servicebedrift fram til 29. juni. Ho blir tilsett på nytt hjå bedrifta frå 4. desember. Det opphavlege arbeidsforholdet var oppgitt utan arbeidsforholdsID. Michelle må registrerast med ein ny arbeidsforholdsID på det nye arbeidsforholdet.

Opphavleg arbeidsforhold
A-melding for juni

Inntektsmottakar Michelle
Startdato på arbeidsforholdet 1. juni
Sluttdato på arbeidsforholdet 29. juni

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

Nytt arbeidsforhold
A-melding for desember 
Inntektsmottaker Michelle
ArbeidsforholdsID 20
Startdato på arbeidsforholdet 4. desember
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

Døme – arbeidstakar med fleire arbeidsforhold i same undereining – ulike arbeidsoppgåver

Emma jobbar på hotell. Ho har to ulike arbeidsavtalar med hotellet. Ho byrjar i stillinga som resepsjonist den 1. august og i stillinga som stuejente den 16. august. Det er ikkje avtalt sluttdato.

A-melding for august

Hotellet gir denne informasjonen om dei ulike stillingane til Emma:

Arbeidsforhold 1  
Inntektsmottakar Emma
ArbeidsforholdsID 10
Yrkeskode 4222 105
Startdato på arbeidsforholdet 1. august

 

Arbeidsforhold 2  
Inntektsmottakar Emma
ArbeidsforholdsID 20
Yrkeskode 9132 118
Startdato på arbeidsforholdet 16. august

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

Døme – arbeidstakar med fleire stillingar i same undereining, med like arbeidsoppgåver

Lene har eit 20 prosents vikariat på ein sjukeheim. 1. november får ho i tillegg eit 30 prosents vikariat på den same sjukeheimen. Ho skal utføre dei same oppgåvene og har same løn i begge vikariata. I a-meldinga for november endrar arbeidsgivaren stillingsprosenten frå 20 til 50 prosent på arbeidsforholdet og oppgir ny dato for endring av stillingsprosent.

Merk!
Dette er ikkje eit nytt arbeidsforhold, fordi arbeidsoppgåvene og løna er den same.

 

A-melding for oktober
Inntektsmottakar Lene
ArbeidsforholdsID 501
Startdato på arbeidsforholdet 1. juni
Stillingsprosent 20
Datoen stillingsprosenten blei endra 1. juni

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

 

A-melding for november
Inntektsmottakar Lene
ArbeidsforholdsID 501
Startdato på arbeidsforholdet 1. juni
Stillingsprosent 50
Datoen stillingsprosenten blei endra 1. november

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar

 

 

Er det obligatorisk

Ja, du må føre opp arbeidsforholdsID for alle arbeidsforhold. Når ein person hafr meir enn eit arbeidsforhold i same undereining, er det viktig at du brukar ulik arbreidsforholdsID på arbeidsforholda. Dette gjeld òg når det er eit opphald i tid mellom eit gammalt og eit nytt arbeidsforhold i den same undereining.

Du skal ikkje oppgi arbeidsforholdsID dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

 

Rette feil

Gløymt å føre opp arbeidsforholdsID

Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil i arbeidsforholdsID og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A 03), kan du rette i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

 

ArbeidsforholdsID-en er brukt oppatt

Dersom du har brukt oppatt arbeidsforholdsID for arbeidsforhold i den same verksemda og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kjem måten du endrar på, an på om det gjeld arbeidsforhold med eller utan overlappande tilsetjings- eller oppdragsperiodar.

 

Med overlappande periodar

Har du brukt same arbeidsforholdsID på to arbeidsforhold når start- og sluttdato for arbeidsforholda er overlappande, må dei ha kvar sin arbeidsforholdsID. Dette endrar du ved å sende ei ny a-melding der du oppgir kvar periode med kvar sin arbeidsforholdsID. Før opp startdato og eventuelt sluttdato for den første perioden. Før opp det nye arbeidsforholdet med ny arbeidsforholdsID, ny startdato og andre obligatoriske opplysningar om det andre arbeidsforholdet. 

I dei fleste tilfelle treng du ikkje rette på a-meldingar for fleire månader bakover i tid.

Merk!
Dersom du brukar opp att arbeidsforholdsID på to arbeidsforhold  som er overlappande, blir det gamle arbeidsforholdet oppdatert med den nye ansettelsesperioden. I Aa-registeret kan det då mangle periodar der arbeidstakaren eller frilansaren har vore i arbeid hos deg.

 

Døme

William jobbar i eit serviceselskap. Dei oppgir startdato 1. januar og sluttdato 28. februar for William, og seinare startdato 28. februar og sluttdato 31. mars.

I dette tilfellet var 28. februar ein del av begge arbeidsperiodane. Periodane overlappar dermed kvarandre. Dersom dei nyttar den same arbeidsforholdsID-en, visast berre perioden 28. februar til 31. mars i Aa-registeret.

Alternativ 1 – skal nyttast dersom det er det same arbeidsforholdet som blir forlengt.
Oppgi same arbeidsforholdsID og startdato. Ny sluttdato skal givast opp når arbeidsforhold blir forlengde.

A-melding for januar
Inntektsmottakar William
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet  28. februar

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar. 

A-melding for mars
Inntektsmottakar William
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet  31. mars

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar. 

 

Alternativ 2 – skal nyttast dersom det er to etterfølgjande arbeidsforhold.
Oppgi det nye arbeidsforholdet med startdato dagen etter sluttdatoen på det tidlegare arbeidsforholdet.

A-melding for januar
Inntektsmottakar William
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet 28. februar

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar. 

A-melding for mars
Inntektsmottakar William
ArbeidsforholdsID 20
Startdato på arbeidsforholdet 1. mars
Sluttdato på arbeidsforholdet  31. mars

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar. 

 

Alt 3 – skal nyttast der to parallelle arbeidsforhold overlappar ein eller fleire dagar
Oppgi to arbeidsforhold med ulik ID.

A-melding for januar
Inntektsmottakar William
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet 28. februar

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar. 

A-melding for mars
Inntektsmottakar William
ArbeidsforholdsID 20
Startdato på arbeidsforholdet 28. februar
Sluttdato på arbeidsforholdet 31. mars

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar. 

 

Utan overlappande periodar

Har du gjenbrukt ein arbeidsforholdsID for to etterfølgande arbeidsforhold i same verksemd, men der tilsetjingsperiodane ikkje overlappar kvarandre, blir begge periodane lagra i Aa-registeret. Det er likevel slik at dette kan skape problem for seinare rapportering. Du kan rette feilen i neste a-melding ved å oppgi ny arbeidsforholdsID.

 

Døme

Vegard jobbar som vikar i eit snikkarfirma. Dei har tidlegare ført opp arbeidsforholdet hans med startdato 1. januar, sluttdato 15. januar og arbeidsforholdsID 100. I august startar Vegard som vikar igjen. Då fører arbeidsgivaren opp startdato 8. august og brukar same arbeidsforholdsID 100 som sist.

Dei ønskjer å bruke ein ny arbeidsforholdsID for det nye vikariatet og rettar opp ved å sende ei ny a-melding med ny arbeidsforholdsID neste månad.

A-melding for januar  
Inntektsmottaker Vegard
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet 15. januar

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

A-melding for august  
Inntektsmottaker Vegard
ArbeidsforholdsID 10
Startdato på arbeidsforholdet 1. august
Sluttdato på arbeidsforholdet -

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

 

A-melding for september  
Inntektsmottaker Vegard
ArbeidsforholdsID 200
Startdato på arbeidsforholdet 1. august
Sluttdato på arbeidsforholdet -

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

Når arbeidsgivaren oppgir ny arbeidsforholdsID (200) i a-meldinga for neste månad, blir det registrert som same arbeidsforhold i Aa-registeret. Vegard har no 2 arbeidsforhold frå denne arbeidsgivaren registrert i Aa-registeret.

Arbeidsforhold med ID 100 og startdato 1. januar og sluttdato 15. januar.

Arbeidsforhold med ID 200 med startdato 1. august.

 

Ført opp for mange arbeidsforhold for éin arbeidstakar i same verksemd/undereining

Har du oppgitt fleire arbeidsforhold med ulike arbeidsforholdsID-ar for ein arbeidstakar, og det skulle ha vore oppgitt berre eitt, kan du rette dette ved å avslutte det eine arbeidsforholdet. Dersom arbeidsforholda har ulik startdato, avsluttar du arbeidsforholdet med den nyaste startdatoen.

Døme

Turid jobbar på eit treningssenter. Ho jobbar i resepsjonen kvar tysdag, onsdag og torsdag, og som instruktør måndag og fredag. Arbeidsgivaren har rapportert to arbeidsforhold med ulik arbeidsforholdsID for Turid. Det dreiar seg om eitt og same arbeidsforhold, sjølv om arbeidsoppgåvene er ulike.

Arbeidsgivaren ønskjer å rydde opp i dette og avsluttar arbeidsforholdet som er rapportert med den nyaste startdatoen i a-meldinga for november.

A-melding for oktober med to arbeidsforhold
Inntektsmottakar Turid Turid
ArbeidsforholdsID 611 627
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar 15. juli
Sluttdato på arbeidsforholdet    
Stillingsprosent 40 30
Datoen stillingsprosenten blei endra 1. mai 15. juli

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

Turid har berre eitt arbeidsforhold, og stillingsprosenten skal vere 70 % for arbeidsforholdet (40 % + 30 % = 70 %).

A-melding for november
Inntektsmottakar Turid Turid
ArbeidsforholdsID 611 627
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar 15. juli
Sluttdato på arbeidsforholdet   31. oktober
Stillingsprosent 70 30
Datoen stillingsprosenten blei endra 1. november 15. juli

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

Arbeidsgivaren fortset å oppgi eitt arbeidsforhold for Turid.

A-melding for desember
Inntektsmottakar Turid
ArbeidsforholdsID 611
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet  
Stillingsprosent 70
Datoen stillingsprosenten blei endra 1. november

I tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

 

Viktig informasjon

Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

 

Kva nyttar vi opplysningane til

NAV brukar arbeidsforholdsID for å avgjere om ein person har fleire arbeidsforhold i den same undereininga. Det kan anten vere for å skilje mellom fleire arbeidsforhold ein person kan ha i den same verksemda i same periode, eller for å skilje mellom fleire arbeidsforhold ein person kan ha i den same undereining i ulike periodar.

Dersom ein arbeidstakar har fleire arbeidsforhold i den same undereininga, har NAV behov for ein ID for å skilje opplysningane frå kvarandre. Ein arbeidstakar kan òg bli sjuk eller permittert i berre eitt av arbeidsforholda, og då treng etatane å vite kva for arbeidsforholdsopplysningar som er knytte til kva arbeidsforhold.

Ved søknad om sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, pleiepengar, omsorgspengar eller opplæringspengar forventar NAV å få éin Inntektsmelding (NAV 08-30.01) for kvart arbeidsforhold arbeidstakaren har i Aa-registeret utan sluttdato. Dersom arbeidsgivar ikkje sender same talet på inntektsmeldinger tilsvarande rapporterte arbeidsforhold til Aa-registeret, forlenger det sakshandsamingstida i NAV og det fører til forseinkinger og meirarbeid for både arbeidstakar, arbeidsgivar og NAV.

Opplysningar om arbeidsforholdsID blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.